A sample text widget

Etiam pulvinar consectetur dolor sed malesuada. Ut convallis euismod dolor nec pretium. Nunc ut tristique massa.

Nam sodales mi vitae dolor ullamcorper et vulputate enim accumsan. Morbi orci magna, tincidunt vitae molestie nec, molestie at mi. Nulla nulla lorem, suscipit in posuere in, interdum non magna.

KM-sprint ved Brann stadion

Søndag 18. mai vart det arrangert KM-sprint og KM-sprintstafett. Det var Varegg som arrangerte, og samlingsplass var ved Brann Stadion. Klokka 13:00 var første start på KM-sprinten. Her var det seks deltakere frå Askøy O-lag med. I kasse D19 var det to deltakere frå O-laget, Gunhild og Tove. Gunhild vart best av dei to, og kom på 7. plass av 26 fullførte, mens Tove kom på 14. plass. I klasse D16-18 nådde ikkje Tonje heilt opp på pallen, og havna på 4. plass, 2 sekunder bak 3. plassen. I klasse H19 sprang Tore inn til ein 13. plass av 41 fullførte.

Resultater:
http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=3701&groupBy=EventClass

Lars på vei til mål

Lars på vei til mål

Tove på  vei til mål

Tove på vei til mål

Tore på vei til mål

Tore på vei til mål

Etter ein kort pause etter den individuelle sprinten, var det klart for KM-sprintstafett klokka 15:15. Då var det start for klasse D/H 11-16. I denne klassen stilte O-laget med eit lag bestående av Tonje på første etappen og Tora på andre etappen. Ved veksling kom Tonje inn som nummer fire, ho var beste jente, då det var tre guttelag føre ho. Tora vart sendt ut på andre etappen, men hadde eit par bom, og dei havna til slutt på 8. plass. Klokka 15:40 var det klart for fellesstart for klasse D15. Også i denne klassen stilte O-laget med eit lag, Tove og Gunhild. Tove sprang ut på første etappen, og dei veksla på 12. plass, men etter ein god etappe av Gunhild enda dei 8. plass av 15 lag. Ti minutter etter starten til damene var det H15 sin tur. O-laget hadde eit lag til start, Lars og Tore. Lars sprang første etappe, og dei veksla på ein god 8. plass. Tore sprang andre etappe, og sprang dei opp til 6. plass.

Resultater:
http://eventor.orientering.no/Documents/Event/4727/1/Resultatlise

Start D/H 11-16

Start D/H 11-16

Tonje til veksling

Tonje til veksling

Leave a Reply

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>